Opphaldet til Gaute på Olestølen

Kvifor vil nokon bruke sommaren på mjølking, luking og hesjing når dei kunne lege på ei strand i Syden?

Kvart år reiser nesten hundre ungdommar ut på landet gjennom prosjektet Grønt Spatak. Kvifor vil nokon bruke sommaren på mjølking, luking og hesjing når dei kunne lege på ei strand i Syden?

Tekst: Gaute Eiterjord
Foto: Gaute Eiterjord og Silje Strøm

På mange måtar er mat fjernare oss nå enn det var før. Som ein som vaks opp i byen er eg ikkje nokounnatak frå mange andre på min alder. Dei fleste av oss har ikkje har noko nært forhold til matproduksjon og arbeidet med å få maten frå jord til bord. Familien min har riktignok ein gard som var i drift då eg var liten, og foreldra mine vaks opp med at slått og anna gardsarbeid var noko dei måtte vere med på. Men der eg vaks opp, midt i Stavanger by, var grønsakshandlarane på torget det nærmaste eg kom lokal mat.

Som miljøvernar og aktiv i Natur og Ungdom har eg likevel alltid meint det er viktig å ha eit forhold til kor maten vår kjem ifrå. Men engasjementet har alltid vore på eit teoretisk nivå, og ein sommar bestemte eg meg for at det var på tide å gjere noko med dét. Eg hadde jo faktisk aldri mjølka ei geit eller eller fôra ein gris.

Før eg drog på Grønt Spatak.

Eit tjue år gamalt samarbeid

I over tjue år har Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag gitt unge moglegheita til å arbeide på gardsbruk, setre og beitetilsyn om sommaren. Prosjektet starta i 1993, då begge organisasjonane ønskte å knyte ein allianse mellom miljøvern og landbruk.

Ideen bak var å gi unge miljøvernarar tilbod om sommarjobb på gardsbruk, og at bøndene skulle møte utolmodige og engasjerte ungdommar som stilte spørsmål og utfordra dei til å tenke annleis. Opp mot hundre ungdommar har dei siste åra deltatt på Grønt Spatak kvart år. Sidan starten av prosjektet har tusenvis av ungdommar, som ikkje har hatt noko tilknyting til landbruk frå før av, fått oppleve kvardagen i norsk landbruk.

" Å sjå heile den omfattande prosessen ga meg eit nytt syn på – og respekt for – kva «handlaga» betyr. "

Kjem tilbake år etter år

Sommaren 2015 reiser eg til garden Nørrestogo i Øystre Slidre i Valdres. Eg reiser åleine, utan å kjenne til nokon der eg skal. Det viser seg raskt å ikkje vere noko problem, for eg blir godt tatt imot. På Nørrestogo bur Thomas og Kathrin Aslaksby, saman med sønene Brage og Sondre. Dei har drive økologisk frå dei starta opp for rundt ti år sidan. Og sidan dei har vore med i Grønt Spatak-prosjektet i mange år, så er dei vane med å ha ungdommar på besøk. Fleire som har vore her, kjem tilbake år etter år. Det er til hjelp, for dei har og stadig nye prosjektar og ting som skal gjerast om sommaren.

Thomas og Kathrin har rundt 30 mjølkegeiter, seks mohairgeiter, fem hestar, fire ender og to kattar. I slutten av juni drar bønder og buskap frå garden og opp på setra Olestølen ved Olevatnet, der dei blir til september, akkurat som ein gjorde i «gamle dagar.» Av geitemjølka ystar dei både fastost, kremost og salatost, og elles sel dei kjekjøt og geitepølse.

Gjennom heile sommaren er det «Open støl» to gonger i veka og mange turistar tar turen opp for å få omvisning, og ikkje minst: Smake den gode stølskosten. Thomas og Kathrin er opptatt av å formidle det dei driv med, slik at fleire skal få innsikt i det tradisjonelle stølslivet. Under «Open støl» koker dei brunost av mysa (mjølkesukkeret som blir skilt ut i prosessen med å yste) på gamlemåten, i vedfyrt kjele. Det tar om lag ti timar å koke inn brunosten. Ein må fyre i kjelen heile tida og passe på varmen. Til slutt er mysa blitt ein «deig» som ein må elte og kna, noko som også er tungt handarbeid. Å sjå heile den omfattande prosessen ga meg eit nytt syn på – og respekt for – kva «handlaga» betyr.

Ikkje frå gard sjølv

Verken Thomas eller Kathrin er frå gard sjølv, men dei synest det dei driv med er ein god måte å leve på. Dei liker at det er utfordrande og spennande, og brenn for å halde det opne kulturlandskapet rundt stølen i hevd. Geitene deira er nemleg heilt nødvendig for at landskapet ikkje skal gro att med krattskog. I tillegg til det lagar dei på denne måten mat av ressursar me sjølv ikkje kan bruke. Så neste gong du høyrer bjølleklangen i fjellheimen, vit at det er lyden av miljøvennleg matproduksjon som klingar så fint.

Alltid noko å gjere

Eg skjønner fort at det å drive gard ikkje er noko ein gjer utan å ha hjartet med seg. Det er hardt arbeid, og her på stølen er det er alltid noko å gjere. Det er gjerdar som skal settast opp, ost som skal ystast, og eg må halde auge med dyra. Det er mjølking morgon og kveld. Eg prisar meg lukkeleg for at mjølkinga skjer med moderne utstyr, for hendene verkar etter å ha mjølka ei geit for hand, noko ein av og til må gjere når kvaliteten på mjølka ikkje er god nok. Dette sjekkar me ved å ta prøvar av mjølka til kvar geit før me mjølkar dei. Eg tenkjer med respekt på budeiene som i gamle dagar mjølka for hand kvar dag, og kan berre førestille meg underarmsmusklane dei må ha hatt.

For dei som er med på Grønt Spatak er det mykje nytt. Det eg la mest merke til er at ein må løyse oppgåver på andre måtar enn ein er vant til. På skule og jobb er ein vant med telefon og datamaskin. På stølen har du to hender og hovudet til hjelp. Ein må venne seg til fysisk arbeid og å bruke kroppen utan å slite seg ut. I løpet av opphaldet mitt tenker eg mykje på noko ein venn av meg pleier å seie: «det er betre å tenke to gonger, og jobbe ein gong, enn å tenke ein gong og jobbe to gonger». Etter å ha løfta grus, sett opp gjerde og flytta materialar skjønner ein kva det betyr. Etter å ha stått bøygd og luka i kjøkenhagen ein heil dag skjønner eg etter kvart også kor utrykket «redneck» kjem ifrå. Uttrykket «å bere sprikande staur» fekk ny meining når ein skal sette opp eit gjerde for første gong.

Det kan høyrast rart ut å bruke ferien sin på fysisk arbeid, men sjølv om ein blir sliten, er det godt å arbeide med kroppen på denne måten. Å stå opp grytidleg for å mjølke geiter, luke ugras og slå med ljå kan vere tungt og slitsamt, men det blir ei avkopling likevel, fordi det er noko uvant, langt ifråden travle kvardagen i byen, på skulen, hektiske familieferiar eller sommarjobbar i kassa på Meny. Dessutan ser ein så raskt kva som blir resultata av det ein gjer, og det er tilfredsstillande. Det er sjeldan du får oppleva så velsmakande mat og god seng som når du har arbeidd heile dagen frå seks om morgonen til elleve om kvelden. Kanskje smakar det ekstra godt fordi du har vore med å laga maten sjølv, bokstaveleg talt frå den var gras geitene gjekk og beita, til dei blei mjølka og du laga yoghurt eller ost. Det kan ikkje blir meir kortreist.

" Å stå opp grytidleg for å mjølke geiter, luke ugras og slå med ljå kan vere tungt og slitsamt, men det blir ei avkopling likevel. "

Oppheita debatt om rovdyr

Ofte kan bønder og miljøvernarar hamne på kvar si side i debattar, spesielt om rovdyr. Kvar sommar er det som regel oppheita debatt om kven utmarka vere til for – dei som vil ha dyr på beite og produsere mat, eller rovdyr som er utrydningstruga? Dyr på beite er jo også viktig for å oppretthalde kulturlandskapet i Norge, som ein fjerdedel av dei utrydningstruga artane her i landet er heilt avhengig av.

Gjennom Grønt Spatak har ein formidla at det ikkje treng å vere anten-eller, men at det heller ikkje er eit lett spørsmål. Det er ikkje lett å finne løysinga, for rovdyrkonflikten er ikkje svart/kvitt. Det er ein konflikt mellom to miljøomsyn, men løysinga ligg ikkje i å bruke krigstypane i overskriftene. Ein må sjå fleire sider av saka, skape dialog og utveksling av synspunktar og kunnskap. På denne måten har bønder og miljøvernarar fått samarbeidd på nært hald. Det har styrka ein allianse som vil ta vare på eit lokalt, miljøvennleg landbruk over heile landet. Det har også skapt auka forståing for at det ikkje er alltid er lett å ha dyr på beite i utmarka. Sauar kan også bli sjuke, eller skade seg og trenge hjelp.

Grønt Spatak gir unge miljøvernerar sjansen til å bidra sjølv ved å gå beitetilsyn, for å ha oversikt over flokken, sjå til at dyra har det bra og hjelpe dei viss dei eventuelt har skada seg.

Opnar augene

Kor mykje omsorg Thomas og Kathrin viser for dyra sine er nok det som gjer sterkast inntrykk på meg i løpet av opphaldet mitt på Grønt Spatak. Frå før av har eg tenkt at husdyrhald er noko me menneske driv med for å skaffe oss kjøt og mjølk, men då eg har arbeidd med geitene ei stund legg eg merke til at eg har tenkt på dette på heilt feil måte. Som bonde bryr du deg verkeleg om at dyra dine skal ha det bra, for dei er avhengig av deg som du er avhengig av dei.

Eg sit også igjen med nye tankar om heile forholdet vårt til naturen. Der eg før har tenkt at naturen først og fremst må vernast mot mennesket, at me berre forsøplar og skaper problemar for resten av kloden, ser eg nå at det ikkje treng å vere slik. Thomas og Kathrin har vist meg at det går an å finne ein måte der me kan hauste av det overskottet naturen kan gi. I dag tenker me at naturen må vernast mot mennesket. Men den treng ikkje vernast om me klarer å bruke den på ein betre måte, og produsere mat og finne ressursane me treng på dei premissane den gir. Naturen har ein verdi seg sjølv, men me må ta vare på den også fordi mennesket er avhengig av å bruke den på ein vettug måte for at me skal ha det godt.

I over tjue år har Grønt Spatak gitt unge moglegheita til å finne igjen den kunnskapen mange før hadde om korleis maten blir til. Kombinert med ein herleg «ferie» har det for mange blitt eit minne for livet. I år drog eg igjen att til Olestølen for å mjølke geiter. Eg trur ikkje det blir siste gong.